#vestlending
Stein på stein - mellom fjordar og fjell
Julepakkar!
-
Julepakka for ein ekte vestlending! ❤️
Varm på kroppen. Varm i hjartet. Og alltid klar for ein kaffi!
Nokre ting høyrer berre saman. Som ein god kopp kaffi og ein skikkeleg god hettegenser.
-
Julepakka for ein ekte fusing! ❤️
Litt vestlandsk stoltheit – både på kroppen og i kaffikoppen!
Den perfekte julegåva til ein som har hjartet i Fusa!
Kva er Vestlending?
Vestlending er ein startup bygd frå botnen av – med fire tomme hender, mykje pågangsmot og ekte kjærleik til Vestlandet. No byggjer vi draumen stein på stein, og håpar du vil vere med på reisa.
Vestlending. Ber det med stoltheit.
Du treng ikkje ei T-skjorte for å vere vestlending. Men det er no ganske kjekt å vise det!
Me har laga klede for oss som kjenner at Vestlandet er meir enn ein stad på kartet. For oss som er stolte av kvar me kjem frå, kvar me høyrer til, og alt det som gjer oss til vestlendingar.
Ei god T-skjorte. Ein skikkeleg hoodie. Ein liten varde på brystet som seier meir enn tusen ord.
Dette er ikkje berre klede. Det er tilhøyrsle du kan ta på deg.
-
Vestlending Original T-skjorte
Vanlig pris 349,00 NOKVanlig prisSalgspris 349,00 NOK -
Vestlending Original Hoodie
Vanlig pris 699,00 NOKVanlig prisSalgspris 699,00 NOK
Dette er oss vestlendingar
Å være Vestlending handlar om meir enn kvar du er fødd. Det handlar om kvar du høyrer til. Om menneska, naturen, humoren og den stille omsorga som bind oss saman.
Me treng ikkje rope så høgt om det. Me veit kvar me kjem frå. Og me veit kva det betyr å vere vestlending.
Kaffikoppen - ekte vestlandskjensle!
Det er noko med å ta ein kaffi saman. Setje seg ned, finne fram koppane og la praten gå. Om kvardagen, om gamle dagar og om plassen vi kjem frå.
Koppane våre er laga for både kaffigleda og tilhøyrsla. Du kan vera stolt stril, ekte bergensar eller fusing i hjartet. Den lokale identiteten har sin eigen plass – og i botnen er vi alle vestlendingar.
Vestlendingane
Her er nokre av oss! Nokon er fødde her. Andre har funne vegen hit. Felles for oss er at me kjenner oss heime på Vestlandet – i regnet, mellom fjella, langs fjordane og ute i havgapet.
Ann-Helen Rein , 47 – Os
«. »
Athina Rein Haugland , 23 – Osøyro
«..»
Camilla Eide , 42 – Søfteland
«Hem»
Chris Simmenes , 40 – Bergen
«Endelig fredag…»
Elin Midtsæter , 48 – Midtsæter
«Næmen ialle daga...»
Fredrik Schmidt Fotland , 53 – Lysefjorden
Vestlending, gründer, moromann, pappa og gladlaks. Elsker å gå i shorts og sandaler - også på Vestlandet.
Henrik Tholo Aasen , 24 – Ølve
«Sjytjeskystjen »
Kaj Hereid Myklatun – Eidfjord
Gründer, ildsjel og vestlending
Karine Roan , 47 – Os
«Ho sa so, bruro!»
Katrine Jordalen , 44 – Strandvik
«Den beste ideen er endå ikkje sagt!»
Kenneth Svenningsen , 55 – Os
«Eg beliter meg ikke»
Kurt Amund Øvreås , 39 – Strandvik
«Me må ha da grasalt gøy»
Kurt Furubotn Gjøn , 43 – Hålandsdalen
«Sjykjeskukjen»
Linda , 42 – Osterøy
«Ska berre nett..»
Linda-Merethe Dysvik Dysvik , 48 – Fusa
«Gløtt av sol! »
Line Furubotn Storum , 49 – Fusa
«Opplett»
Lisbeth Hirth , 44 – Myrkdalen
«Jepp, eg e med.»
Mari Gjøn Furubotn , 43 – Hålandsdalen
«Duddeli»
Mari Presthus , 40 – Bergen
«Vettsje....»
Øystein Tholo , 50 – Strandvik
Bonde og bondesønn, strandvikar, moromann, tar ting seriøst useriøst. Alltid ein kommentar på lur.
Richard Hindenes , 44 – Kløvheim
«Skitt skjer, me ordna da.»
Silje Fjelde Losnegård , 43 – Valestrandsfossen,Osterøy
«Da går kanskje bra»
Stian Vassdal , 46 – Valestrandsfossen
«God helg»
Thomas Breivik Hop , 22 – Dalekvam
«Ein blir aldri ferdig utlært, men ein må aldri slutte å lære»
Thomas Frøyen , 45 – Solund
«Det har jeg aldri prøvd før, så det klarer jeg helt sikkert!»
Bli ein av Vestlendingane!
Nokon er fødde her. Andre har funne vegen hit. Felles for oss er at me kjenner oss heime på Vestlandet – i regnet, mellom fjella, langs fjordane og ute i havgapet.
Lag din eigen Vestlending-profil og bli ein del av folka bak Vestlending.
Kle deg som ein Vestlending! Frå Vestlandet. For kvardagen.
-
Vestlending Original T-skjorte
Vanlig pris 349,00 NOKVanlig prisSalgspris 349,00 NOK -
Vestlending Original Hoodie
Vanlig pris 699,00 NOKVanlig prisSalgspris 699,00 NOK -
Vestlending Original Kaffikopp
Vanlig pris 179,00 NOKVanlig prisSalgspris 179,00 NOK
«Å være Vestlending handler ikkje om kor du bur. Det er noko du ber med deg.»
Er DU ein Vestlending?
Kven er vestlendingen? Han bur ikkje på éin stad, snakkar ikkje éi dialekt og ser ikkje ut på éin bestemt måte.
Du finn han mellom fjordar og fjell, i bygd og by, på sjøen og på land. Ulike menneske, ulike historier – med noko felles som er vanskeleg å forklare, men lett å kjenne att.
Din plass i rekkja
Er du ein av dei første vestlendingane?
Akkurat no blir dei første Vestlendingnumra delte ut.
Kvart nummer finst berre éin gong. Når nokon har teke det, går nummerrekkja vidare – og vegen tilbake finst ikkje.
Nummeret blir ditt. Det følgjer historia di, og ein dag kan du føre det vidare til nokon som kjem etter deg.
Om nokre år vil det finnast mange vestlendingar med nummer.
Men det vil alltid vere nokon som var med heilt frå starten.
Skal du vere ein av dei?
SIKRE DITT VESTLENDINGNUMMER
Slik fungerer det
-
01 - du bestiller ditt nummer
Dei første Vestlendingnumra blir tildelte fortløpande ved bestilling.
-
02 - Nummeret blir ditt
Nummeret blir registrert på deg og følgjer historia di vidare.
-
03 - Gje det vidare
Kjøper du fleire nummer, kan dei registrerast på andre du vil gje ein plass i den første rekka av vestlendingar. Ei glimrande gåve til bursdag eller jul.
Ein varde blir ikkje bygd av éin stein.
Vestlending handlar om å høyre til.
Om menneska rundt oss, dei små handlingane og det stille fellesskapet som alltid har vore der.
Me skal byggje dette på same måten.
Stein på stein. Saman.
«Me treng ikkje seie så mykje. Det held ofte å vere der.»
Blogg frå Vestlandet
Vis alle-
Vestlandet sett utanfrå
Det er noko fascinerande med å sjå ein turist oppdage Vestlandet. Han kan stå midt på ei ferjekai med open munn og fotografere eit fjell som vi andre knapt har...
Vestlandet sett utanfrå
Det er noko fascinerande med å sjå ein turist oppdage Vestlandet. Han kan stå midt på ei ferjekai med open munn og fotografere eit fjell som vi andre knapt har...
-
Kva er den vakraste vegen på Vestlandet?
Det er ikkje sikkert den vakraste vegen på Vestlandet er den som tek deg raskast fram. Tvert imot kan det vere ein fordel om han er litt upraktisk. Gjerne smal,...
Kva er den vakraste vegen på Vestlandet?
Det er ikkje sikkert den vakraste vegen på Vestlandet er den som tek deg raskast fram. Tvert imot kan det vere ein fordel om han er litt upraktisk. Gjerne smal,...
-
Dei små stadene som held Vestlandet saman
Det finst stader på Vestlandet som du knapt legg merke til dersom du køyrer forbi. Nokre hus langs ein fjord, ein liten butikk, eit naust og kanskje eit skilt som...
Dei små stadene som held Vestlandet saman
Det finst stader på Vestlandet som du knapt legg merke til dersom du køyrer forbi. Nokre hus langs ein fjord, ein liten butikk, eit naust og kanskje eit skilt som...
"Har du kaffi?"
Det er ikkje alltid me treng dei store samtalane.
Av og til held det å kome inn frå vêret. Få fyr i omnen. Setje på kanna. Finne fram to koppar og setje seg ned.
Så sit me der ei stund.
Pratar litt. Teier litt. Ser ut vindauget og konstaterer at det bles godt.
Det er kanskje ikkje så mykje å snakke om.
Men det er godt å sitje der.
Ta Vestlending med deg.
På jobb, på tur, på butikken eller over fjellet.
Me lagar ting for vestlendingar – og for dei som har litt Vestland i seg.
Ting som skal brukast, slitast på og bli med på ferda.
Enkelt. Skikkeleg. Med litt meining bak.
Dette er oss. Vestlendingane.
Ulike menneske, ulike stader og ulike historier – med noko felles som er vanskeleg å forklare, men lett å kjenne att. Vestlending. Stein på stein. Saman.